Havnett

Nettleige

Nettleige

Nettleige er det du betalar for å være tilknytta straumnettet. Leiga går til å dekke kostnadane ved ein stabil og sikker straumforsyning.

Uansett kven du kjøper straumen av, går den gjennom vårt linjenett, over fjorder og fjell, via master og sjøkablar. Dette nettet vedlikeheld seg ikkje sjølv.

Gjennom nettleiga betaler du for at vi bygger og oppgraderer transformatorar og kraftledningar, rydder skog og rykker ut når uvær har ført til feil på linja. Vi er i sving 24 timar i døgnet, året rundt. Takket være dette har vi ein leveringssikkerhet i strømnettet vårt på heile 99,99 %. Vårt mål er å sørge for at det fortsatt skal være sjølvsagt for deg å ha straum.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som fastsett rammene for kor mykje Austevoll Kraftlag og andre nettselskap kan ta inn i nettleige. Om lag halve nettleiga er offentlege skatter og avgifter.

Endring av nettleiga frå Havnett
Havnett reduserer nettleiga til våre kundar. Endringa gjeld både privatkundar og næringsdrivande. For kundar med forbruk under 100 000 kWh pr år vert nettleiga redusert med om lag 20-30 % prosent frå 1. august 2024. Det vil sei at for ein kunde med årsforbruk på 15000 kWh og 5-10 kW maksforbruk utgjer prisreduksjonen ca. 430 kroner i månaden.

Som tidlegare kommunisert i ulike medium, media og spesielt gjennomgått på vårt informasjonsmøte våren 2024 vil nettleiga du betalar til Havnett variera. Ein stor del av kostnaden, og dermed kundens tariff frå Havnett er direkte tilknytt straumprisen (kraftprisen) me alle betalar.
Nettleiga du betalar skal også dekkje drift, vedlikehald og utbygginga av straumnettet, og frakt av straumen heim til deg. 
I tillegg går omtrent halvparten av nettleiga til å dekke offentlege avgifter som elavgift og MVA.
Frå 1.august 2024 vil nettleiga bli redusert med 22,5 øre/kWh for energileddet. 
Samtidig blir fastleddet justert der dei som nyttar minst effekt pr. månad får redusert fastledd og dei som nyttar mest får auka fastledd.
Dette for å legga til rette for å redusera belastninga på nettet i enkelttimar (ein kan sjå på det som ei rushtid på straumnettet som på same måte som på vegnettet vårt).
Effektleddet blir berekna av dei tre timane ditt forbruk er høgast, pr. månad og er sett opp i trappetrinn.
Dagens trappetrinn er 0-5 kW (250 kr/mnd), 5-10 kW (320 kr/mnd),10-15 kW (563 kr/mnd), 15-20 kW (788 kr/mnd) og 20-25 kW (863 kr/mnd), over dette blir trinna større. 
 
For en kunde med eit årsforbruk på 20000 kWh utgjer prisreduksjonen ca. 378 kroner i månaden med eit maks forbruk (snitt av dei 3 høgaste timane pr. månad) i trappetrinnet  5 – 10 kW.
Priseksempeler på endring for husholdningskunder:
•             Leilegheit – forbruk 8000 kWh og trappetrinn 0 – 5 kW: Årleg nettleiga med ny nettleige ca. 7700 kroner.
•             Rekkehus – forbruk 15000 kWh og trappetrinn 5- 10 kW: Årleg nettleiga med ny nettleige ca. 12 700 kroner.
•             Einebustad – forbruk 25000 kWh og trappetrinn 10 – 15 kW: Årleg nettleiga med ny nettleige ca. 21 500 kroner.
Auka kostnadar for Havnett gjev auka nettleige, og reduserte kostnader for Havnett gjev redusert nettleiga
Sjølv om det har våre ein generell prisauke i samfunnet siste åra, og det påverkar vår kostnad til drift, investering og vedlikehald.
Var det den betydelege straumpris auka som alle opplevde i frå hausten 2021 som krov at me måtte setja opp nettleiga vår betydeleg i 2022 og i 2023.
Straumprisen har kome ned, og den ser ut til å stabilisera seg på eit lågare nivå enn dei siste 3 åra. 
Det gjer at me kan setje ned nettleiga nå.
Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)/Reguleringsmyndigheten RME som set ramma for kor mykje nettselskapa kan ta betalt for nettleiga. 
Prisen på nettleiga kan derfor variera frå nettselskap til nettselskap.