Havnett

Forbruksavgift

  1. Hjem
  2. /
  3. Produkt og tenester
  4. /
  5. Forbruksavgift

Krav på redusert forbruksavgift?

Enkelte bedrifter har rett til redusert avgift på heile eller deler av forbruket.

Dokumentasjonen på at ein har krav på dette må sendast inn av bedrifta kvart år, sjølv om bedrifta ikkje har gått gjennom endringar som har betydning for vurderinga av reduksjonen.

Dersom bedrifta går gjennom endringar som har betydning for vurderinga av reduksjonen, må det meldast i frå til oss med det same.

Bedrifta bør kontrollere at dei er registrert hos oss med korrekt namn, føretaksnr. og næringskode.

Nærmare forklaring av reglane kan du lese om på Skatteetaten sin nettsider.

Følgande dokumentasjon for kvart målepunkt skal leggast ved eigenerklæringsskjemaet:
  1. Fersk utskrift frå Enhetsregisteret i Brønnøysund der firmaets næringskode viser.
  2. Korrekt utfylt skjema som du finn her: Eigenerklæring.
  3. Dokumentasjon i henhold til § 3-12-10.