Havnett

Straumtilknyting større eller lik 1 megawatt

  1. Hjem
  2. /
  3. Kundeservice
  4. /
  5. Straumtilknyting større eller lik...

Havnett tar i bruk Tilko – ei ny nasjonal løysing for nettilknyting
Havnett har no tatt i bruk Tilko – ei ny, nasjonal teneste for handtering av større tilknytingssaker (over 1 megawatt (MW)). 

 

Tilko er utvikla i samarbeid med nettselskap over heile landet og regulerande styresmakter, og vil vere ei felles teneste for å standardisere tilknytingsprosessen til straumnettet. 

 

Kva er Tilko? 

Tilko er ei digital teneste utvikla av Elbits som koordinerer informasjon om større tilknytingssaker på tvers av nettnivå, frå distribusjonsnett til transmisjonsnett. 

 

Løysinga vil og gi kundar innsyn i si sak og moglegheit til å følgje ho fortløpande. Løysinga legg til rette for betre oversikt, koordinering og avgjerdsgrunnlag for nettselskap, styresmakter og andre aktørar i kraftbransjen. 


Kva betyr dette for oss som nettselskap?
 

Med Tilko får vi: 

  • Enklare oppfølging av kundar 
  • Saumlaus koordinering mellom Statnett og andre nettselskap 
  • Betre datagrunnlag for nettplanlegging og kapasitetsvurderingar 
  • Tydelegare oversikt over etterspurnad og framdrift i tilknytingssaker 
  • Betre støtte for å følgje opp regelverkskrav og myndigheitspålagde modenheitsvurderingar 

 

For våre tilsette som jobbar direkte med tilknytingssaker, betyr Tilko ein meir strukturert arbeidsflyt, redusert behov for manuelle prosessar og betre dokumentasjon gjennom heile saka. 

 

Kva betyr det for kundar og samarbeidspartnarar? 

For kundar og andre aktørar inneber overgangen til Tilko at større tilknytingssaker no blir behandla i ei felles nasjonal løysing. Dette gir betre oversikt, meir føreseieleg saksbehandling og moglegheit til å følgje status gjennom heile prosessen. 

 

Vil du vita meir? 

Har du spørsmål om Tilko eller ønskjer meir informasjon, kontakt oss direkte eller din faste kontaktperson i tilknytingssaka.