Havnett

ENØK

ENØK

Enøk betyr å redusere energibruken og bruke energien på ein fornuftig måte. Prøveprosjekt i bustader og industribygg viser at du kan spare mellom 20 og 30 prosent ved hjelp av enkle ENØK-tiltak. Og kanskje det viktigaste for deg – energibruken kan reduserast uten at du må senke kravet til komfort.

Gjennomsnittsforbruket for ein einebolig er mellom 20 000 og 25 000 kWh i året. På desse sidene gir vi deg informasjon om korleis du kan få eit bedre innemiljø og ein lavare straumrekning.

  • 1. Monter sparedusj

    Sparedusjane ein får kjøpt idag er veldig effektive uten å redusere komforten. Ein sparedusj reduserer varmtvannsforbruket med 50%, noko som i ein gjennomsnittleg husholdning betyr ein årlig besparelse på kr. 1000-1500,-

  • 2. Bruk sparepærer

    Skift til sparepærer. Dei bruker kun 20% av energiforbruket til tradisjonelle pærer og vil spare deg for kr. 400,- per lyspære i løpet av pæras levetid.

  • 3. Tettelister

    Sørg for at det er gode tettelister rundt vinduer og dører. Dette hindrar trekk, og aukar komforten i huset.

  • 4. Slå av lys

    La tomme rom vere mørke rom.

  • 5. Innkjøp av elektrisk utstyr

    Ver bevisst på energiklasse når du kjøper elektrisk utstyr, dette viser kor mykje straum apparatet bruker.

  • 6. Lufting

    Du bør lufte kort og rakst i stadan for å la vindu og dører stå på gløtt over lengre tid. Rask utlufting skiftar ut lufta hurtig, og kjøler ikkje ned tak og veggar.

  • 7. Ventilasjon

    Reduser ventilasjonen om vinteren, men ikkje steng den heilt.

  • 8. Oppvask- og vaskemaskin

    Fyll opp maskinene heilt før du setter dei på. Eit par noko meir krevande, men effektive tiltak:

  • 9. Varmepumpe

    Å installere varmepumpe blir rekna som eit ekstremt energiøkonomisk tiltak i dei fleste tilfeller. Du kan redusere energiforbruket med opp til 50%. Les meir om varmepumper frå Kraftlaget her.

  • 10. Etterisolering

    I dårlig isolerte og uisolerte hus vil etterisolering kunnde gje store besparelser. Dette er eit omfattande grep, og bør først vurderast av fagfolk.

    *tal frå Enova